About

Norwegian Hilde Marie Holsen has carved out something very particular and niche in music. Processing her trumpet in the electronic realm, she blends the mournful tone of the brass instrument with the explorative field of electronic music to make music that lists somewhere between jazz, the contemporary and drone music. Holsen’s music has unpicked the frayed boundaries of traditions, calling in a new generation of artists that abandoned stale and repetitive conventions in favour of establishing something unique, in the realms of contemporary music.

Holsen’s debut album «Ask» was released on the Norwegian label Hubro in 2015, and hit the shelves with critical acclaim from amongst others The Guardian, The Wire and The Quietus. Since then, she’s gone on to perform on a number of world stages, both as a solo artist and in collaboration with other musicians, while also continuing her work in the recorded field. In 2018, Holsen followed up with her second solo album, «Lazuli», also released on Hubro, and was claimed to be «an almost shockingly complete musical statement».

//

Hilde Marie Holsen frå Jølster har med trompet og elektronikk funne sin eigen veg i eit skjæringspunkt mellom jazz, drone- og samtidsmusikk. Gjennom lydprosessering av trompeten skapar Holsen eit elektronisk univers, som ho blandar med ein melankolsk tone frå trompeten. Slik lagar Holsen eit originalt lydlandskap, som kan opplevast både vart, skjørt og skakt, men også kraftig og dynamisk.

Våren 2015 slapp Hilde Marie Holsen debutalbumet sitt «Ask»  på plateselskapet Hubro, og vekte med dét mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Plata vart óg nemnd som eit av høgdepunkta frå 2015 i NRK P2 sitt program Jazzklubben. I 2018 kom Holsen med oppfølgjaren «Lazuli» på Hubro, eit album som mellom anna vart omtala som «nærast sjokkerande fullkome». I mars 2019 er Holsen igjen plateaktuell, denne gong med duoen Bilayer på plateselskapet Va Fongool.

Hilde Marie Holsen har spelt mellom anna på festivalane Punkt, Ultima, 12Points (Ir/Es), OsloJazz, Rewire (NL) og London Jazz Festival (UK), samt turnert i Europa med konsertar i m.a. Italia, Storbritannia, Luxembourg og Tyskland, både som soloartist og saman med musikarar og grupper som FOOD, Morten Qvenild, Maja S. K. Ratkje og Lynn Cassiers, i tillegg til at ho spelar fast i Silent Fires og Bilayer. 

Hilde Marie Holsen har óg hatt fleire oppdrag som komponist – i 2017 arbeidde ho med to tingingsverk for ulike festivalar; Ultimafestivalen tinga «Prikle» for solotrompet, elektronikk og 24 høgtalarar, medan «Arvesølvet» vart tinga for Førdefestivalen av Fylkesarkivet Sogn og Fjordane. «Arvesølvet» var eit samarbeid med musikarane og komponistane Øyvind Hegg-Lunde, Erlend Apneseth og Linda Gytri. Ho har óg komponert musikken til kunstfilmane «Imperator» og «Expirator» av Grethe Britt Fredriksen og Astrid Findreng. Sistnemnde vart mellom anna vist på Statens Kunstutstilling, Høstutstillingen i 2018. I 2019 er Holsen mellom anna aktuell med eit tingingsverk for GRM i Paris.

 

 «Jeg kan ærlig talt knapt huske sist jeg kom over et så åpenbart talent. Møtet med «Lazuli» bringer frem minner om å høre Arne Nordheim, Arvo Pärt og den senere Miles Davis for første gang, som inngangsportaler til parallelle universer av musikk. (…) Det lyder vakkert og gnissende, meditativt og utfordrende, ensomt og likevel varmt.»

– Arvid Skancke-Knutsen, Klassekampen

 «Det er en stor opplevelse å la seg overvelde av lydlandskapene til Hilde Marie Holsen»

  – Geir Rakvaag, Dagsavisen

 «Både Jon Hassell og Arve Henriksen kunne ha satt opp teltene sine i kveldens musikk, men Hilde Marie Holsen lykkes godt med å rydde nye felt, dyrke egne vekster og overraske oss som liker smalt terreng.»

 – Arild R Andersen, Jazzinorge