Duoen Akeleie består av Gro Marie Svidal på hardingfele og elektronikk, og Hilde
Marie Holsen på trompet og elektronikk. Inspirert av den rikhaldige folkemusikkarven og
samtidas mangfaldige musikkuttrykk, bevegar duoen seg i eit grenseland mellom tradisjons-,
improvisasjons- og samtidsmusikk. Utgangspunktet for musikken er den frie improvisasjonen der meloditema og klangfargar vert skapt i augneblinken. Hardingfela og trompeten er lydkjelder som anten kling autentisk eller vert elektronisk prosessert. Melankolske melodiar og mjuke harmoniar seglar over eit originalt lydlandsskap som inviterer til tilstandar av ro og ettertanke. Og slik hav bryt mot strand oppstår også i dette landskapet kontrastar av disharmoniar og elektronisk støy.
Akeleie hadde sin første konsert i 2016 og har sidan det skunda seg sakte framover.
Dei er innanfor kvar sine sjangrar, anerkjende og allsidige musikarar som aleine og i ulike
konstellasjonar har sett spor på norske og internasjonale musikkscener. Begge har gjeve ut
internasjonalt kritikarroste soloalbum og samarbeidd med utøvarar frå ulike sjangrar og
kunstuttrykk. Når dei no står saman på scena så er det eit resultat av felles interesse og
nysgjerrigheit på kvarandre sine uttrykk og korleis dei kan smelte saman til ein ny heilskap.